View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Taurean Vis innlegg
Egentlig var planen at, hvis jeg fikk dette til å virke over tid, å satse 100 000. Selv om oddsen er 1.15, så vinner man da 15 000 selv på en "idiotsikker" hest.
Vis hele sitatet...
Problemet er at det er ikkje 100% sikkert at den hesten kjem først, og du må vinne 7 ganger for å vege opp for eit tap.

Det du foreslår er grunnleggjande sett ein variant av martingale. No er ikkje det heilt reell samanlikning, ettersom hester ikkje er diskret, tilfeldige hendinger, men oddsen som vert satt prøver å vege opp for det.

Det går nok an å systematisk vinne penger på oddsspel, men du gjer det ikkje ved kjempeinnsatser på enkelthendinger. Du gjer det ved å systematisk samle kunnskap og spre risikoen. Om du har innsatser med 1.15 i odds i kvart, og ein tusenlapp per innsats, så er risikoen for tap mindre enn om du bles 100k på ei av dei hendingene... Og risikoen for at alle får negativt utfall er mindre enn at ei enkelthending får negativt utfall.

Forventningsverdien vil rett nok vere den samme, men fordi du utfører eksprimentet fleire gonger vil resultatet vere nærare opp mot forventningsverdi. Satser du 100k på ei enkelthending vil du sittje igjen med 0,- eller 115000,-. Satser du derimot ein tusenlapp på hundre hendinger er sjansen svært liten for å både vinne 115k og 0,-, men sjansen for å sittje igjen med iallefall store brøkdeler av innsatsen er rimeleg stor.

Erratum: Hestespel er totalisatorspel, så det er ikkje snakk om odds per se, men kva folk faktisk satser på. Difor seier ikkje oppgitt odds stort meir enn tilbakebetalingsprosent og kva folk faktisk satser penger på.
Sist endret av vidarlo; 27. desember 2016 kl. 10:31.