View Single Post
uppdali's Avatar
Trådstarter
287
Sitat av n5k Vis innlegg
Plager det deg at Jesus er omtrent identisk med flere andre såkalte gudesønner folk har trodd på tidligere?
Vis hele sitatet...
Nei, sjølv om du godt kan koma med nokre betre døme.

Et eksempel kan være Horus ("gudesønn" fra oldtidens egypt - altså i førkristen tid):

[ . . . ]
Vis hele sitatet...
Det meste blir likt om du ser etter likskap. Det tyder ikkje at dei er det same. Jesus vart aldri per se vitja av tri menner, til dømes. Jesus delte aldri noko hav. Jesus mista aldri noko auga i kamp mot broren. Horus meinte å hemne dauden åt far sin, Osiris, utan at Jesus gjorde det same. Horus-myten fær ymse folk sers ulike tolkningar av, må vita. Om målet er å finne vilkårleg slektskap — med formål å "motbevise" det som stend i Bibelen — så finn du lett det du vil.

Jeg mener - disse to eventyrene er jo ekstremt like, vil jeg si. Og de minner mye om andre "gudesønner" også - som f.eks. Mithra og Dionysus.

Hva er dine tanker rundt dette?
Vis hele sitatet...
Eg er jo på inkje vis einig, men det er klårt at du finn klåre trekk av t. d. hellenistisk filosofi og teologi i kristendomen. Framvoksteren av kyrkja skjedde ikkje i eit vakum, men i ei tid med spræk utveksling av idéar. Såleis tolka J. R. R. Tolkien forteljingi om Jesus som "ein sann myte". Nett mysteriet er heile poenget med boki, og det er neppe meiningi at det skal bli til ein krangel om kor historisk det her og det der er.

Sitat av Alfonzor Vis innlegg
Hva tror du om evolusjon?
Vis hele sitatet...
Evolusjon er vel nesten eit innlysanda fakta. Far åt genetikken er jo Gregor Mendel, monk og det heile. Teologi blandast ikkje med vitskap, minder du vil drepe det vakre mysteriet og samstundes ta livet av vettet.

Sitat av stehal Vis innlegg
Som kristen, antar jeg at gud lytter og bryr seg om dine bønner.
Vis hele sitatet...
Bønene er mest for at vi skal forstå Gud og tilværa, ikkje omvendt.

Hvorfor tror du det er mange uskyldige som sulter og dør rundt om i verden? Han er vel egentlig ikke no snill, er han?
Vis hele sitatet...
Dette er «det vondes problem». Det er ikkje noko enkelt svar på spørsmålet. Gud er ikkje ein snill kar som berre kjem ned og hjelper oss om vi masar nok. Godskap i ortodoksien er ikkje gode gjerningar frå Gud, men Gud i seg sjølv — Lukas 18: 19 Kvi kallar du meg god? sa Jesus. Ingen er god utan ein - Gud! Såleis er det dei gjerningane gjennom oss, kjærleiken om du vil, som kjem når vi nærmar oss Gud. Fatigdomen og fanskapen i verdi kjem frå feili til menneski, ikkje feili til Gud. Kvifor trur du kristne driv heimar for dei fatige og sender mat åt Afrika?

"Det er ikke alt i bibelen som er vits å høre på da"
Hvorfor ville gud som er så perfekt skape en uperfekt bok? Som de fleste kristne plukker og "designer" selv, etter egne behov.
Vis hele sitatet...
Gud skapte då heller ikkje Bibelen. Boki kjem frå Kyrkja, og tolkningi kjem derfrå med. Det gamle testamentet er der som «god lesnad» og skal ikkje tolkast bokstaveleg. Det skal heller ikkje Det nye testamentet, elles ville ikkje Jesus bruka likningar når han snakka.

Vel, det står mye fint i bibelen og jeg syns man skal se på den som et litterært mesterverk, men å dyrke den og det som står i den er for meg helt uforståelig.
Vis hele sitatet...
Det finst då heller ingen god grunn til å dyrke Bibelen. Berre mange for å lesa den.

Hvorfor tror du gud blir omtalt som en mann og ikke en kvinne i bibelen?
Vis hele sitatet...
Fordi Han er barsk.