View Single Post
Eg synst hen bør takast inn i språket, ikkje fordi eg er veldig oppteken av trans-saka, men fordi ordet på brilljant måte løyser eit språkleg problem, nemleg når vi ikkje veit kva for kjønn personen vi snakkar om har. Då må ein gjerne nytte den kjipe formuleringa han/ho, eller evt. han eller ho, medan ein med hen, kan skrive nettopp det.

Til dømes:

Med dagens grammatikk: Eg har eit brev til rektor. Kan du gje det til han/ho?
Med hen: Eg har eit brev til rektor. Kan du gje det til hen?

Eg jublar litt innimeg når eg ser det siste dømet. Lat oss ta hen inn i språket! Om vi i tillegg treng det i byråkratiet er ikkje så viktig for meg personleg.