View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Ei sak har somregel tre sider. Den nøytrale (objektive) og dei to subjektive sidene. Minst.

Eg er på ingen måte for fri fildeling, men eg er imot platebransjen sin forretniingsstrategi, som ser ut til å vere sentrert mot å saksøke dei (antakeleg) beste kundane sine. Det funker enkelt og greit ikkje, trur eg.

Eg er rimelig sikker på at om platebransjen gjorde det enkelt og billig å laste ned, så ville fleire gjere det. Dersom eg kunne få siste rammstein-skiva i FLAC-format, uten DRM som begrensa friheta mi, og til *vesentleg* billegare pris enn cden, så ville eg kjøpe den uten å nøle.

Dersom eg vil ha FLAC av musikken i dag, er eg tvinga til ett av to valg:
*Kjøpe CDen for 179,- og deretter RIP'e den sjølv.
*Laste ned.

Prisforskjellen mellom dei to er *enorm*, men det er bry å laste ned fra ulovlige kilder.

Dersom eg velger å kjøpe cden, så går mesteparten av pengane til alle andre enn artisten, som studio, plateselskap o.l. Det synst ikkje eg er rett. Klart en kan ikkje drive business med underskot, men platebransjen bør kanskje innsjå at bisniss-modellen deira, med å selge ei fysisk skive, er utgått på dato. Så langt har dei ikkje virka villige til å innsjå det. Dei *må* etter mi meining kutte prisane, og dermed *sin* profitt.

For om eg hadde valet, ville eg gjerne betalt artisten *meir* enn dei får av plateselskapet i dag, det er berre det at eg har inga mogelegheit til det, og eg er ikkje sikker på om eg har så veldig lyst til å støtte opp om en monopolistisk bransje, som driver det som kan kallast kartellverksemd.

Og eg tipper det var ~ det nso meinte også eg, uten å legge ord i munnen på han.