View Single Post
Hei alle,

Mitt namn er Linn Heidi Stokkedal og eg skriv på vegne av billedkunstnar Toril Johannessen. Me har eit spørsmål om lokale stadsnamn i forbindelse med eit kunstprosjekt. Prosjektet har arbeidstittelen “Stedsnavn på folkemunne” og skal bli til ein serie bilete i form av kart.

Innfallsvinkelen til prosjektet er møtepunkter mellom militær nærvær og sivilsamfunn. Til kartene Toril lager samler me inn stadsnamn på folkemunne i Noreg for stader og anlegg med tilknytning til militær aktivitet frå andre verdenskrig og fram til i dag, for å undersøke spor i daglegspråket av eit slikt nærvær.

Til dømes, stader som den lile toppen Valaksla på Stø i Øksnes som på folkemunne ofte kalles “NATO-fjellet” fordi det står ein kystradar der; “Natogarasjen” i Berlevåg, eller “Kaninstasjonen” i Vadsø. Andre dømer er "Fangeleiren", “Radiohula”, “Peilaren” og “Blodvegen” som er uoffisielle stadsnamn i lokal bruk som har sitt opphav fra 2.verdenskrig.

Dette prosjektet er ein vidareføring av verket frå Nord-Noreg som var laga på oppdrag for KORO (Kunst i offentlig rom) for Evenes flystasjon, Forsvarsbygg, og henger inne på militært område.

Kjenner dykk til slike stadsnamn på folkemunne i Sørlandet og Trøndelag? Dei andre landsdelene har me blitt ferdige med!

Me setter kjempestor pris på alle tips!

Med venleg helsing
Linn Heidi Stokkedal