View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
Sitat av 001 Vis innlegg
Forskjellen mellom et administrativt enkeltvedtak om bortfall av førerrett på grunn av manglende edruelighet og straff er prinsippell sentralt, selv om det kan oppleves som en straff.
Vis hele sitatet...
Det er kjerna i problemet. Det er ein skilnad, men resultatet er i begge tilfeller noko som mange vil oppfatte som straffereaksjon, og som høgsterett går langt i å sei at er ein straffereaksjon (http://www.domstol.no/no/Enkelt-doms...-FORTSETTELSE/ - elendig formatering, om du har lovdata pro finn du garantert betre versjon).

I tillegg vil enkeltvedtaket fjerne ein del rettar ein har i ei straffesak. Det kunne vore løyst ved at prosessen for dette var som for ei ordinær straffesak, gjennom forelegg.

Problemet med dagens praksis er at den verkar vilkårleg, all den tid det å røyke cannabis i helgene ikkje tilseier at ein køyrer i påverka tilstand meir enn om ein hadde tatt seg fire-fem øl på næraste pub.

Det er dei to tinga eg reagerer på. Ikkje at folk som har rusproblem skal miste lappen. Men eg meiner ikkje at eg har eit rusproblem om eg tar meg fire-fem øl lørdagskvelden, og eg meiner heller ikkje at nokon som tar seg en joint lørdagskvelden har eit rusproblem.

Straff for narkotikabrotsverk aksepterer eg, sjølv om eg er delvis ueinig i prinsippet, fordi det held seg til den vanlege straffeprosessen, og har vorte utforma under offentleg debatt.