View Single Post
Hero of Time
bronze's Avatar
682
165 cm og 40 kg? Då er du massivt undervektig, noko som er særs usunt! Du har ein BMI på ca. 14,7, og alt under 18.5 er rekna som undervektig. Spis meir!

Og jamfør spørsmålet ditt om alkohol, så er det mange ting som gjer at ein vert mindre påverka. Ein vil byggje opp ein toleranse om ein drikk ofte. Ein vil også måtte drikke ein del meir om ein har full mage/er mett. Det skal også seiast at ein ofte ikkje merkar at ein er berusa om ein sitt i ro medan ein drikk, fordi ein ikkje merkar at motorikken blir dårlegare.

Edit: Kvifor drikk du alkohol 1-2 gonger i veka om du trur du er immun? Verkar som ei dyr vane.
Sist endret av bronze; 17. april 2012 kl. 23:54.