View Single Post
Hero of Time
bronze's Avatar
682
Sitat av akad_ad Vis innlegg
Det er mange her som sier at Evulusjon er vitenskap...
...Det er dermed umulig å "vitenskapelig" bevise at over tid kan/har dyr og mennesker forandret seg i større grad ( til andre dyr eller arter) uansett hvor mange år man legger til. Men man kan jo TRO/antta at det har skjedd.
Vis hele sitatet...
Her er du på så gyngande grunn at du burde vere sjøsjuk. For det første så har evolusjonsteorien ingenting med "kosmisk evolusjon" å gjere, ei heller dei andre tre punkta før makroevolusjon. Evolusjonsteorien blei i første omgang presentert av Charles Darwin, og teorien hans seier ingenting om korleis rom, stoff eller liv har blitt til.

For det andre er ikkje mikroevolusjon berre "variasjon i artane". Mikroevolusjon omhandlar at det kan og vil forekome mutasjonar av DNA. Dette vil som du påpeiker skape variasjon innanfor ein art. Men implikasjonen her er jo at mutasjonar kan forekome, som gjer eit eller fleire individ meir levedyktig eller meir attraktiv for parring, slik at desse individa har større sjans for å bere genet vidare.

Eit eksempel kan vere menneske født med 6 fingrar på kvar hand. I den moderne verda vil ikkje dette gi nokon evolusjonsmessig fordel, men sei at menneska var avhengige av å klatre i tre for å unngå rovdyr. Då kunne 6 fingrar på kvar hand ha vore ein fordel, og dermed ville individ med denne mutasjonen ha større sjans for å overleve.

Vi kjem så inn på naturleg seleksjon. Nokre gener har større sjanse for å overleve enn andre, og slik kan arten som heilskap endre seg. Dermed er heller ikkje makroevolusjon noko "magisk". Når vi veit at:
a) DNA kan mutere, og gi nye individ som er bittelitt forskjellige frå andre individ
b) Nokre gener kan ha større sjanse for å overleve.

så gir dette ein tilnærma direkte implikasjon: at artar kan gjennomgå større forandringar over lengre tid. Det slår meg at evolusjon har ein likskap med eit (matematisk) integral: Ein summerer opp "uendeleg" små endringar til noko stort (matematisk eit areal).

Ein kan også observere evolusjon i vår tid. Det enklaste eksempelet er vel kanskje bakteriar som blir resistente mot antibiotika.
Sist endret av bronze; 13. januar 2012 kl. 00:20.