View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Om du føler du må bremse ned kvar gang du ser ein veg frå høgre bør du vurdere å senke farten. Det kan vere andre ting, som unger eller dyr, som ikkje bryr seg om å følgje vegar, ei heller nødvendigvis komme frå høgre.

Og med meir erfaring vil du uansett få meir flyt i køyringa, og lære deg betre eiga reaksjonstid og reaksjonsmønster, slik at du ikkje treng å bremse ned.

Stiller meg heilt ærleg totalt på linje med MrBlaine: vent til du har køyrt i 4-5 år før du kommenterer slikt.