View Single Post
Sitat av A Goat Vis innlegg
Burde vært valgfritt eller kun for de som snakker nynorsk, tviler sterkt på at noen som snakker bokmål kommer til å gå over til nynorsk når de blir eldre..
Vis hele sitatet...
Eg kjenner omlag 9-10 stk. frå Oslo som gjekk over til nynorsk frå bokmål. Dei fleste kjem anten frå Holmlia eller Ullern.

Det er ikkje slik at nokre snakkar «nynorsk» og andre «bokmål». Mange austlendingar trur til dømes at dei snakkar «bokmål», men grammatikken er ofte lik nynorsk. Når nokon seier «bilær» og «jæ(i) kastær», så svarar «-ær» åt nynorsk «-ar»: Bilar, kastar. På austkanten i Oslo svarar «-a» («gutta») ofte til nynorsk «-ane». Og over store delar av Austlandet heiter det ikkje «skrevet» eller «funnet», men «skrivi» (nn. skrivi) og «finni/funni» (nn. funni). Rotekte austlendingar seier også å kaste, å like, men å værra, noko vi kallar kløyvd infinitiv. Detta er ein viktig — men valfri! — del av nynorsken. Difor skriv eg å kaste, å vera.

Likeins kan ein sjå åt Trøndelag, der flestalle (fleirtalet) skriv bokmål. Nynorsk er rett nok tradisjonelt i regionen: Alle dei store trønderske forfattarane skreiv nynorsk (Duun!), og likeså er spæla (Stiklestad, Namsens Auge m. fl) skrivne på arkaisk(!) nynorsk. Trøndersk æ, æg (stundom eig, i) er ein variant av eg. Dessutan finst til og med «me» (for «vi») i Namdalen. Trønderane uttalar også ofte nynorsk «-kj» som ein slags «-ttj»: ikkje => ittj, ei veikje => ei veittj. Og eit siste poeng: Mange nynorskingar skreiv tidlegare «-ott» (no «-ut», uttalest -ått) i staden for «-ete» i adjektiv (puslott vs. puslete), som svarar fint til nordtrøndersk «-ått» (puslått).

Ein kamerat av meg frå Øksnes i Nordland likar nynorsk. Der kan han nemleg skrive «ei visa», «ei tynna» og «ei jenta» — reint i harmoni med talemålet. Han skriv konsekvent «spræk» og «kræsen», for det er lov i nynorsk — det er faktisk tradisjonell nynorsk! Han likar også at det blir lov å skrive «dokker - dokker - dokkar» («de - dykk - dykkar») i rettskrivingi som gjeld frå neste år. Altså finn dei fleste kring i landet att noko frå talemålet sitt i nynorsken.