View Single Post
Sitat av FoFoFo Vis innlegg
Lille norge, to språk? bare tull, ut med nynorsken
Vis hele sitatet...
Det er no faktisk ganske unormalt med eitt språk i eit lite land, endå meir i eit lite land utan ein sterk kultur for sentralstyring. Eg nemner land som Bosnia, Zimbabwe, Belgia, Finland, Spania og sjølvsagt Sveits.

Eg tykkjer nynorsk er greitt (det er jo språket mitt), men sidemålsopplæringi fungerer ikkje som ho burde. På Austlandet, serleg i bygdene, er der gode erfaringar med å få inn nynorsken tidleg — spesielt i barnehagane. Det er heller ikkje såleis at ein blir betre i hovudmålet av å fjerne sidemålet. Lærdomen frå valfritt sidemål i Oslo er at dei som fekk sidemål faktisk vart betre i hovudmålet. Kort sagt: Ein blir ikkje dårlegare i språk av å læra fleire!
Sist endret av uppdali; 27. juli 2011 kl. 00:56.