View Single Post
Sitat av Provo Vis innlegg
Jeg kan ikke fatte at en statsborgerlig definisjon av "nordmann" ikke skal være mer fornuftig, praktisk, oversiktlig og entydig enn det du beskriver? Det ser unektelig ut til å bli veldig mange og diffuse hvis, hvis ikke, kanskje og andre unntak med definisjonen du sverger til.
Vis hele sitatet...
Det der har noe med dei humanistiske fagi, som historia og sosiologi. Dei er jo «soft sciences», og kan derfor ikkje gje reint objektive eller heilt avgrensa svar liksom realfagi som regel gjev. Eg skjønar at du er dyktig skolert i nett dei hardare og barskare vitskapane, men det tyder ikkje at tilnærmingi di er rett i dette høve.

Menneski er ikkje rasjonelle, og det meste som gjeld oss er ikkje avgrensa på same måte som lysfarti. Eit døme, utan at analogi automagisk gjer rett: Kan du definere kunst? Kan du definere musikken til Jean Sibelius eller Geirr Tveitt? Greitt nok om du nyttar skalateori og det heile, men at eit verk har blåtonor og blir modulert av melodisk fiss seier lite om kva stor kunst er.

Fleire har freista seg på reduksjonistiske tilnærmingar til fenomeni som nasjonar og økonomien, utan at dei eigentleg har fått det til. Marxistane er kanskje det mest openberre eksempelet på dette i samfunnsfagi. På hi sida finn du Public Choice-folket hos økonomifagi, som har fått kritikk for at kunnnskapen deira aldri har laga til nokre praktiske endringar i samfunnet.

Ein statsborgarleg definisjon har lite å gjera med nokon som helst historisk eller noverande praksis i Europa. Han er i beste fall høveleg for amerikanske kår, der nasjonen vart bygd meir på ein idékontrakt enn skøre ingrediensar som etnisitet og kultur (Frankrike, Tyskland). Det finst sjølvsagt fleire døme på "kontraktnasjonar", til dømes Vatikanstaten, men dei er ikkje normi — korkje i Europa eller globalt.