View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Akhkharu: Problemet er at det er dei rike som finansierer dei fattige i dagens velferdsstat. For min del hadde det antakeleg lønt seg reint økonomisk å takke nei til skatt, og gå for privat sjukeforsikring, fordi eg har god økonomi og relativt liten risiko akkurat no. Det regnestykket stemmer antakelig for dei aller fleste med årsinntekt på over halvmillionen - en betaler meir i skatt enn det en får igjen gjennom livet, ettersom ikkje alle betaler like mykje skatt.

Og beklager - eg vil ha eit samfunn der alle har like rettar på helsehjelp. Sjølv om det koster meg et par tusenlapper i året. For det er utopisk å anta at du kan finansiere helsevesenet ved at dei som bruker det mest (og for dei der skatt lønner seg framfor privat forsikring) betaler det...