View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Problemet er at norsk skule er elendig. Det kjem ut folk frå 10. klasse som ikkje greier å finne ut 48+5 utan kalkulator, eller lese ein samanhengande tekst og finne ut meininga med den. Det er ikkje få. Ifølge ei kjelde eg har høyrt er det ein av fem.

Det er ikkje tale om at ein av fem har så store lese og skrivevansker at dei ikkje greier det ein normal 5.-klassing greier. Ergo er problemet at skulen har svikta. Slik det er no grip ein tak i dette problemet alt alt for seint. Eg trur høgre har eit veldig godt poeng i at ein må fange opp problema før 8. klasse, slik som ofte skjer i dag, av fleire grunnar. Det er trassalt fordømt vanskelig å lære utan å kunne å lese.

Difor hallar eg mot å vere for ei form for objektiv testing av basiskunnskaper, og tidlegare innsats. Skulen skal ikkje berre vere leik og morro...

Så ja til testing og krav, nei til dette konkrete forslaget. Sommarskule impliserer sosial deling, der dei som ikkje greier seg ikkje får samme retten på ferie som andre. Men tester som fører til ekstraundervisning og tett oppfølging? Ja takk!

Til dei som avfeier dette med enlinjere: det er for djupt tema til å sei "NEEEEI HØGRE SUGER" til. For utdanningssystemet har problemer, og må debaterast. Og høgre er eitt av dei få partia som er villjuge til å ta den debatten.

Forøvrig er eg av den meining at problemet i dagens skule er lærarane. Det er lærarar som ikkje kan noko om faga dei underviser i. Eg har møtt på lærarar som ikkje KAN forklare kva 2-talet i CO2 står for - beskjeden var "sånn er det". Det er for ille.